775. Seg, kvar skulde me vel ganga

1 Seg, kvar skulde me vel ganga
Utan Jesus her paa Jord?
Han oss eine Hjelp kann langa,
For han heve Livsens Ord.
Fred me finna i hans Fang.
Var so Vegen nog so lang,
Det me vilde litet vyrda.
Jesus letta vil vaar Byrda.

2 Alle vil han til seg lieda.
Høyr, han kallar trutt og mildt:
"Kome, alle, som arbeida
Og i Verdi lida illt!
Her de skulo finna Kvild,
For eg er av Hjarta mild.
Tak mitt Ok, so skal de læra:
Byrda mi er lett aa bera."

3 Høyr det, du som saart maa syrgja
Yver all di Syndegjeld,
Som med Ank din Dag maa byrja
Og med Klaga halda Kveld.
Gakk til Jesus med di Skuld!
Der ho vert av Naaden duld.
Var di Synd som blodet litad,
Der ho vert som Snjoen kvitad.

4 Høyr det, du som saart maa sukka
Stridande den gode Strid,
Under Krossens Byrd maa bukka,
Synest Dagen langsamt lid.
Her skal Sukken verta stild,
Her er midt i Striden Kvild,
Her du midt i Ufreds-Trongen
Lærer kveda Sigersongen.

5 Høyr det, du som tidt maa syta
Trøyttnad paa den tronge Veg!
Frelsaren vil med deg byta,
Taka all di Sut paa seg,
Anda i ditt Hjarta ned
All sin høge, s'le Fred;
Og i denne Fred du fegen
Trøyta skal den tronge Vegen.

6 Høyr det alle, høyr, han lokkar,
Fylg den milde Frelsars Røyst!
Kom og sylg i lange Flokkar,
Alle de, som trenga Trøyst!
Kom, kvar Syndar, som lid vondt,
Og di Naud skal verta sont.
Lat GudsSon di Byrda taka,
Og du skal hans Milde smaka.

Text Information
First Line: Seg, kvar skulde me vel ganga
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 26. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year: Twenty-sixth Sunday after Trinity Sunday; God's Call (7 more...)
Notes: Tone: Vær nu glad og vel tilmode (L. 617)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us